Norsk
Deutsch
English

Om oss

Då Flø Feriesenter vart starta hadde vi eit håp om at folk kunne like den røffe naturen og havet som har forma Flø gjennom hundrevis av år.

Flø har vore buplass i mange hundre år. Det er funne steinreiskapar som pilspissar langs elva, og eit titals vikingegraver vitnar om ein mektig vikingekultur.
     
Vi er 8 eigarar som driv Flø Feriesenter. Alle er involvert i drifta og du kan like gjerne møte oss som malar på uthuset, på plenklipparen, vaskar på nabohytta som i resepsjonen. Det meste av arbeidet vi gjer er på dugnad. Vi strebar heile tida mot å forbedre oss på alle områder. Har du spesielle behov eller ynskjer er det berre å ta kontakt med oss på førehand.
     
Epost: flo.feriesenter@tussa.com
Telefon: +47 70 01 50 80
Mobil: +47 91 38 90 24

Slik kjem du til Flø:

Røft og vakkert

Det er sjeldan heilt vindstille på Flø og driv ein med brettsegling er det ofte fine forhold for dette. Det har vore arrangert NM i brettsegling her tidlegare. Dei siste åra har mange også byrja med bølgjesurfing frå Midtfløsanden. Ein kan sjølvsagt drive med kiting og wakeboarding også.

booking
Photos: Per Eide Studio