Opplev Ulsteinvik sin sjarm og historie med ein båttur ombord den autentiske fiskeskøyta "Stero".
Reisa vår startar og endar i hamna i Ulsteinvik,der "Stero" ventar på å ta deg med på eventyr.
Med vårt erfarne mannskap ved roret, tek vi deg med på ein tur gjennom skjærgarden rundt Ulsteinvik. Undervegs på vår 3-timars tur gjer vi utvalde stopp, der guiden vår vil dele sin kunnskap om stadane vi passerer. Medan du nyt den friske sjølufta og den fantastiske utsikta får du få høyre spanande fortellingar om området, og få innsikt i lokale hendelsar som har forma samfunnet i Ulstein.
Undervegs får du anledning til å utforske nærare og ta bilder. For dei som ynskjer det, kan vi arrangere lett grilling om bord, slik at du kan nyte ein smakfull matbit medan du tek inn utsikta. Eit av høgdepunkten på turen vår er moglegheita til å besøke den gamle handelsstaden Borgerøya. Der kan du utforske den idylliske øya og kanskje til og med ta eit forfriskande bad.
"Stero" har plass til opptil 15 gjestar. Uansett om du er interessert i historie, fotografere naturen, eller berre vil slappe av og nyte ein unik opplevelse på sjøen, vil mannskapet vårt sørge for at du får ein minneverdig tur.
Kontakt oss for informasjon:
Arnt Skinnes, Kaptein
Mob: 991 63 987
arnt@skibladner.net