hytte2   kjøkken7  

 

Det er to typar hytter hjå Flø Feriesenter AS. Båe er utstyrte med alt ein kan trenge for eit aktivt eller avslappa opphald. Du finn ei rein hytte med mykje lys frå store panorama vindauge med sjøutsikt. Like nedanfor finn ein ei flott kvit sandstrand, perfekt for bading om sommaren og gåturar ellers i året.

Alle hyttene har komfyr, kjøleskap, frysar, oppvaskmaskin, kaffitraktar, mikrobølgeovn, dusj, 13 fots båt med motor (i sommarhalvåret), kabeltv, bestikk, steintøy, puter og dyner (sengetrekk kan leigast i resepsjonen). Ein finn også vaskemaskin og tørketrommel i sanitærbygget. Bilen kan parkerast rett utanfor hyttene.

Hyttetype 1:

Var ferdigstilde i 1991 og oppussa i 2007. Desse har 2 soverom med tilsaman 5 sengeplassar. Eit soverom med dobbelseng og 1 soverom med 1,5 seng nede og køyeseng oppe. Nokre av desse 6 hyttene har også hems med liggjeplass for 2.

Hyttetype 2:

Var ferdigstilde i 1996 Desse har også 2 soverom med same sengeoppsett som i hyttetype 1. I tillegg er det ein loftshems med 2 sengar separert av ein delevegg.

Hund

Dersom du har med hund har vi eit hundebur som du kan låne av oss. Enkelte av hyttene er det ikkje tillatt med hund i. Sei derfor frå i god tid slik at vi kan reservere rett hytte. For meir informasjon og bilete av buret sjå her

 

stue

Stue hyttetype 1. Utsikt mot havna.

Soverom

Soverom hyttetype 2

 

soverom stove hems bad kjøkken

Copyright © Flø Ferisenter AS 2008