Pioner Maxi Håkonsholmen

Vi har stort sett 13 fots Pioner Maxi med 8 hk motor. Det er slike båtar som høyrer til hyttene også. Men vi har også nokre litt større båtar med større motor. Pioner båtane har dobbelt skrog i mjukplast, dette gjer at det er sikre og robuste båtar som tåler ein støyt.

Båten vert leigd ut med full tank, og ein betalar for den bensinen som er brukt. Skal du ut fleire turar fyller vi tanken for deg.

Sjølv om mange velgjer å bruke båtane til fisking er det ingenting i veien for å heller bruke dei til ein sightseeing tur. Det tek ikkje meir enn 45 min til Ålesund om ein brukar feriesenteret sine båtar. Like utanfor Ulsteinvik ligg det 2 gamle handelsstadar. Borgarøya og Håkonsholmen. Båe er helde ved like. På borgarøya er det fint å legge til og gå iland. Jonsok/Sankthans er det arrangementer der, og et sentrum for båtfolket denne dagen.

Veret kan skifte brått på Flø og det er viktig å følgje med på vêrmeldinga, evt fastbuande. Vi brukar å gje varsel om det er utrygt å ta båten ut.

Utsikt

Det er ikkje mykje som hindrar dønningane mot Flø

 

 

Flytebrygge

Flytebrygga vår med nokre av båtane.

 

Færing

Færing ved Håkonsholmen.

 

 
  Fiske fra båt Torsk Hurtigruta  
 
Copyright © Flø Feriesenter 2008